Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Jobb på Hudavdelinga

Hudavdelinga er ei avdeling med høg aktivitet og omfattande kompetanse i tre etasjar. Vi er ei av dei små avdelingene på Haukeland målt i antall tilsette, men med fagleg stolthet og trivsel i flokken av medarbeidarar.

hudbygget.sommer. foto

Hudavdelinga omfattar sengepost med 15 senger for hud- og revmatiske sjukdomar, dagpost for hudsjukdomar og poliklinikk for hud- og seksuelt overførte infeksjonar. Sengeposten behandlar både akutt sjuke og pasientar som treng elektiv utgreing og behandling. For pasientar med hudsjukdom er sengeposten regionavdeling, og pasientane kjem frå heile Vestlandet. Sjukdomsspekteret er stort, og Inflammatoriske ledd- og bindevevssjukdomar, vaskulittar, alvorlig psoriasis, hudkreft, alvorlege legemiddelreaksjonar, vanskelege og omfattande sår og eksemsjukdomar er døme på dette.

Frå mars 2018 vart sengeposten re-etablert som felles sengepost for hud- og revmatologi. Kompetansedeling og -oppbygging av pleiargruppa på begge fagfelta har høg prioritert og pågår kontinuerleg.

Vi held hus i nye og trivelege lokale i Hudbygget i sjukehusparken. Pasientromma på sengeposten er lyse og moderne utstyrt. 

Poliklinikk- og dagpost i to etasjar syder av aktivitet, noko nær 37.000 pasientkonsultasjonar årleg vitnar om, blant anna gir vi ca. 14.000 lysbehandlingar årleg for kronisk psoriasis, eksem og anna kronisk hudsjukdom. Hudkreft er óg ein aukande del av sjukdomane vi behandlar.

Sist oppdatert 15.02.2023