Hopp til innhold

Protest-storm mot UNICEFs slemme nisse

FN sitt barnefond UNICEF skapar vreide med sin nye TV-reklame der julenissen framstår som svært så usympatisk. Kvalmt, usmakeleg, stygt og forkasteleg, meiner frustrerte småbarnsforeldre.

Protest mot UNICEF-nisse

Julenissen i UNICEF-reklamen tek seg ikkje bryet med å vitja fattige born. Mange krev no at den kontroversielle julekampanjen blir fjerna

Foto: Montasje / Skjermdump

Reklamen til UNICEF viser ein brutalt ærleg Julenisse som snakkar rett frå levra i den tru at kamera er skrudd av.

I den høgst kontroversielle reklamesnutten avslører den kjende og kjære Julenissen ei så langt ukjend og langt mindre godhjarta side av seg sjølv: han fnyser av dei veldelige julegåvene som mange humanitære organisasjonar tilbyr i adventstida.

Reklamen til UNICEF sluttar med følgjande bodskap: «UNICEF reiser dit Julenissen ikke gjer».

Organisasjonen opplever no ein protest-storm på sosiale media. Mange nordmenn er rasande og vonbrotne over organisasjonen si kyniske framstilling av nissefar.

Her kan du sjå den omstridde reklamevideoen:

Årets UNICEF-kampanje er henta frå Sverige, og er ein tilpassa versjon av den kampanjen UNICEF Sverige køyrde i fjor.

– Øydelegg jula for norske born

Facebook blir UNICEF Norge no bombardert med krasse kommentarar frå folk som meiner organisasjonen øydelegg jula for norske ungar ved å utfordra den tradisjonelle framstillinga av nissen som ein snill og god farsfigur som hugsar på alle born på kloden.

Det renn stadig inn nye protestar frå folk som meiner reklamen er «usmakeleg», «skivebom» og som krev at organisasjonen får reklamen fjerna frå TV-skjermane:

  • (..) For en utrolig DÅRLIG reklame dere har lagd på tv'en i år. Enda godt den er på engelsk så ikke alle små barn skjønner hva nissen sier. Skal ikke nissen være et godt bilde for barna? (..)
  • Hva i all verden er det for en reklame dere sender om dagen? Mener dere at julenissen ikke er der til fattige folk og at han ikke bryr seg om de?! Jeg vet jo selvfølgelig at han ikke finnes. Men det der er faktisk den styggeste/ekle/mest diskriminerende reklamen jeg har sett i 2012. I julen er alle viktig. Skjerp dere…
  • (..) Jeg oppfordrer folk i alle land og byer også videre om å ikke bruke unicef mer heller finne andre hjelpe orginisasjoner som ikke er så kvalme og stygge med unger som faktisk kan mer engelsk en det noen voksne kan..
skjermdump
Foto: Skjermdump fra Facebook

– Ikkje mål om å provosera

Bernt Apeland

Generalsekretær i UNICEF Norge, Bernt G. Apeland, understrekar at dei ikkje har hatt som mål å provosera og at julekampanjen ikkje er retta mot born, men mot vaksne.

Foto: NRK

Føremålet med reklamen er å få fleire til å kjøpa UNICEF sine verdsgåver som eit alternativ til tradisjonelle julepresangar. For ein gitt pengesum kan ein kjøpa eit symbolsk julekort der det kjem fram kva pengane frå gjevaren i realiteten går til - som til dømes skulegang, medisinar eller myggnett til mindre privelegierte born i fattige land.

«What am I supposed to say when I hand out this? Ho ho ho, here`s your picture of the gift you never got? I mean come on..I don`t do poor countries», seier den velkjende skjeggete og raudkledde figuren i UNICEF-reklamen.

Føremålet med julekampanjen er å skapa ny refleksjon og å inspirera til solidaritetshandling.

Bernt G. Apeland, generalsekretær i UNICEF Norge

FNs barnefond seier dei var førebudde på at den uortodokse kampanjen ville skapa sterke reaksjonar.

– Når me brukar så sterke symbol som julenissen opp mot juletida på ein annan måte enn det som er tradisjonelt, må me rekna med sterkt engasjement, seier generalsekretær Bernt G. Apeland.

Generalsekretæren understrekar likevel at dei ikkje har hatt som føremål å provosera eller å øydelegga julestemninga i norske heimar.

– UNICEF ønskjer at familiar i Noreg skal ha ei god og triveleg jul saman. Me håpar at denne kampanjen kan bidra til at fleire deler noko av den overfloden me har med born som verkeleg treng det.

– Me ønskjer å setja jula i perspektiv og visa korleis det faktisk er for dei fleste i verda. Føremålet er å skapa ny refleksjon og å inspirera til solidaritetshandling. Me ønskjer ikkje ein debatt for debattens del, men er interesserte i å hjelpa flest mogleg born, legg Apeland til.

(Artikkelen held fram under biletet)

skjermdump
Foto: Skjermdump fra Facebook

Har tredobla salet

Mange av kritikarane som ytrar seg på Facebook seier at dei har eller vil kansellera sitt bidrag til organisasjonen som følgje av den provoserande nisse-kampanjen. Men UNICEF får også støtte frå mange som tykkjer dei som hissar seg opp overreagerer.

Ifølgje generalsekretæren ser kampanjen ut til å fungera slik dei hadde håpa på. Så langt er salet av verdsgåver tredobla - mykje takka vere den kontroversielle slemme-nissen. Dermed kan kampanjen få nytt liv til neste år.

– Nokre reagerer veldig sterkt, men me ser ei klar overvekt av positive tilbakemeldingar. Det ser ut til at me har funne ein måte å snakka til det norske folk på som når fram, seier Apeland.

For sjølv om dei negative kommentarane er i fleirtal, tek UNICEF det som eit godt teikn at videoen har fått nærmare 2000 «likes» og over 400 delingar etter at den blei lagd ut på Facebook for ei dryg veke sidan.

Vil ikkje fjerna nissen

Organisasjonen har ikkje vurdert å fjerna reklamen, slik mange no framset krav om.

– Nei, men det er heilt flott at folk reagerer. Det er også poenget med å leggja dette ut på sosiale media. Folk må få lov til å reagera, sjølv om me sjølvsagt håpar at folk tek dette i beste meining, uttalar generalsekretæren.

(Artikkelen held fram under biletet)

skjermdump

UNICEF får også støtteerklæringar på Facebook.

Foto: Skjermdump fra Facebook

Generalsekretæren har følgjande råd til foreldre som opplever at dei får eit forklaringsproblem overfor borna, når desse får sitt tradisjonelle syn på nissen snudd opp ned.

– Det er viktig at foreldra set seg ned og fortel borna sine om at me er veldig heldige her i Noreg. Dei fleste borna her har julaftan kvar dag heile året samanlikna med mange andre.

Han påpeikar også at dette Ikkje er ein film retta mot born, men mot vaksne.

– Me vil minna vaksne på at mange born i verda ikkje har det like godt som deira eigne born. Ungar er av natur veldig solidariske. Dersom ein set seg ned og snakkar med borna sine om dette, trur eg det kan bli ein fin samtale om forskjelane i verda og behovet for å utjamna dei, uttalar den norske UNICEF-toppen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger